Kan databriller vere noko for deg?

Brukar du mykje tid framfor dataskjermen på jobb? Dårleg syn og feil type briller kan gi deg både slitne auge, verkande nakke og vondt i hovudet. Ei god databrille kan hjelpe deg med å få ein betre skjermkvardag.

Databriller, terminalbriller, PC-briller: det er tre namn for same løysing. Hovudpoenget er å sjå klart på dataskjermen og området rundt.

Ei god databrille:

  • Er tilpassa deg og din arbeidsplass
  • Gir deg skarpt syn på tastatur, dataskjerm, skrivepult og telefon
  • Reduserer slitne auge og vonde sittestillingar
  • Reduserer moglegheiter for nakkeplager og hovudverk
  • Hjelper deg å halde fokus
  • Fjernar forstyrrande refleksjonar
  • Er like viktig som anna tilpassa kontorutstyr, som stol, skjerm og lys.

Treng eg databriller?

Det kan optikaren finne ut av. Først utfører vi ein vanlig synstest. Med utgangspunkt i synstesten og utfordringane med synet ditt framfor skjermen, kartlegg vi behova.

Før du kjem til optikaren for synstest, er det lurt å måle opp avstandar du arbeider på. Kva er avstanden til skjermen din? Til tastaturen? Kor langt ut i rommet treng du å sjå for å gjere jobben din? Det er også lurt å tenke gjennom kor mange timar du brukar framfor jobbskjermen kvar dag, og kva utfordringar og plagar du har som følge av det. Det bidreg til å finne den aller beste løysinga for deg.


Kva med progressive briller?

Glasa i dei progressive brillene din har varierande styrke for at du skal sjå godt på forskjellige avstandar. Dei er spesielt optimalisert for syn på avstand, og på leseavstand. Feltet du ser klart i på dataavstand er relativt smalt, og er plassert i nedre del av glaset. Da kan ein fort bli sittande med hovudet litt opp for å sjå klart på dataskjermen, og du får ei vond sittestilling. Det kan gje muskelspenningar i nakke og skuldrar, og kan gje helseplager over tid.

Ved å nytte progressive briller tilpassar du sittestillinga til brilla. Med ei databrille skjer det motsette: Dataglaset er designa slik at sittestillinga di blir ergonomisk rett, og bidreg til ein god og behageleg skjermkvardag.

Eg skal bruke databrilla på jobb – må eg betale for den sjølv?

I utgangspunktet skal arbeidsgjevar dekke utgifter som undersøking om du treng databriller, og dekke innkjøp av databriller etter behov. Det gjeld alle arbeidstakarar som nyttar ein vesentleg del av arbeidstida framfor skjerm.

Dersom arbeidsgjevaren din skal dekke brilla, må optikaren attestere på at du har behov for eigne databriller. Desse er berre meint til bruk på arbeidsplassen din, og må vere briller du har behov for i tillegg til dine vanlege briller og linser. Det kan forekomme ekstra kostnadar som du sjølv må dekke, som til dømes tynnare og lettare glas.

Eg er arbeidsgjevar ­– kva bør eg tenke på?

Arbeidstakarar som brukar ein vesentleg del av arbeidsdagen framfor skjermen, har rett til å få synsundersøking og databrille dekka av arbeidsgjevar. Brilla må være eigna for dei synsoppgåvene som er knytt til skjermarbeid. Dette er regulert av Arbeidsmiljølova. Det er jo lurt for deg som arbeidsgjevar også! Riktige briller bidreg til klart syn, god ergonomi, fornøgde tilsette og høgare produktivitet.

Vi kan hjelpe deg

Bestill ein time hos Synsenteret Florø, så skal vi hjelpe deg med å finne ein databrille som er tilpassa til deg.

Aktuelle saker