Vi er på Norsk Helsenett
Synsenteret Florø er no på Norsk Helsenett, som ein av dei første optikarane i landet. Kva betyr det for deg som kunde?
Tidlegare har optikarar vore nøydd til å sende henvendingar til fastlege analogt, men optikarar som no er ein del av Helsenett Norge kan sende desse digitalt.
Norsk Helsenett leverer digitale tenester til helsesektoren, der ulike avdelingar enklare kan snakke saman. Dei leverer ein trygg, digital kommunikasjonskanal mellom helsepersonell i Norge. Her kan vi som optiker både ha dialog og sende henvising til fastlege og augelege digitalt. For deg som pasient/kunde betyr dette at du får raskare hjelp om vi finn ut av at du treng det.
Dette statusbiletet er av Mone si netthinne. Her er alt i orden, og ho treng ikkje oppfølging med det første.